Vaksdal kommune kultur

test

Eidsland Grendalag

Kontaktperson: Bjørn Arvid Ekse

Vaksdal Røde Kors Hjelpekorps

Kontaktperson: Tadas Rupsys-Tandberg tlf 46342193

Vaksdal Husflidlag

Laget blei stifta 1.april 1987 og har i dag 72 medlemmer. Det er 50 voksne 4 ungdommer 18 barn. Barna er med i ei gruppe som heiter Ung Husflid. Viktig å få dei unge på bana tidleg. Her får dei delta på kurs som: Ull, Sying, Perlebelte og mykje anna. Me leigar lokale i Coop Hordaland sine lokaler på Dale som vert kalla Husflidstova. Aktivitetar: Me har Husflidskafe ca 1 gong i mnd. Då har medlemmane og andre høve til å koma. Dette er meir eit sosialt samvær, der ein kan ta med eiga handarbeid. Kurs: Laget arrangerer kurs både vår og hausthalvåret. Kursa vert lyst ut i Vaksdal Posten. Alle kursa vert halde i Husflidstova. Husflidmessa: Me har Husflidmesse andre helga i nov kvart år. Den vert halde i Turbinen. Her er anledning til å få med seg flotte utsillinger av heimalaga Produkter, Kafe og Juleverkstad for born.

Dale Mannskor

![20170910_202213.jpg](file-guid-b749b1e2-8e0b-44ef-8491-c4dacec6f3bf)Koret vart stifta 3.juni 1931. Som namnet tilseier var medlemene den første tida frå tettstaden Dale. I dag kjem dei 26 medlemene for det meste frå ulike stader i Vaksdal kommune og frå Voss. Song og musikk har engasjert mange lokalt gjennom tidene, og Dale Mannskor har vore ein berebjelke i kulturlivet i kommunen heilt sidan oppstarten. Stor aktivitet og høg kvalitet har gjort dalekoret til ein viktig ambassadør for kor-songen langt ut over kommunegrensene. Koret har eit rikhaldig "fest-repertoar" av lettare songar, bordviser og drikkeviser, som gjer at det kan skapa stemning og underhaldning når songarar møtest. Men aktivitetsnivået er nok mykje vidare enn dette. Dale Mannskor nyttar ofte karakteristikken "frå børs til katedral" om det allsidige repertoaret som inneheld profan-musikk og kyrkje-musikk frå ulike tidsepokar og varierande stilartar. Nettopp mangfaldet i musikkutvalet gjer at koret kan ta del med song i svært ulike arrangement, og slik har det også vore gjennom den siste mannsalderen både lokalt i eigen kommune, regionalt, på landsplan og i utlandet. Dale Mannskor sin faste dirigent er Lars Ragnvaldsen. Gjennom snart 50 år har han hatt ei sikker hand om koret, både som inspirator og som ansvarleg for den musikalske utviklinga. Under hans leiing har Dale Mannskor teke nye utfordringar, og som amatørkor halde eit høgt nivå. PS. Har du lyst å byrja i koret, ta kontakt med leiar Ole Johnny Domben tlf: 90636556

Vaksdal Idrettslag

Kontaktperson: Henning Lirhus

Kordial

Kontaktperson: Ole Henrik Nord

Vaksdal barne- og ungdomskorps

Vaksdal barne- og ungdomskorps består av musikantar fra Vaksdal, Stanghelle, Dale og Stamnes. Onsdager kl 17:00-18:00 - Juniorkorps - Turbinen Onsdager kl 18:00-20:00 - Hovedkorps - Turbinen

Vaksdal Musikkråd

Vaksdal Musikkråd er en paraplyorganisasjon for sang- og musikklivet i Vaksdal kommune i Hordaland. **Lag knyttet til VMR: ** Blanke Messingen Dale Mannskor Dale Musikkforening Kilden Stamnes Barnekor Korskulen i Vaksdal Vakdal barne- og ungdomskorps Vaksdal Musikklag AO-Bandet Steinkopf Trio

Stanghelle Idrettslag

Vi er eitt idrettslag som drives på frivillig basis. Målsettingen er å tilby variert treningstilbud primært til barn og unge, men også treningstilbud for voksne.

Motivasjon og meistringsgruppa i Vaksdal

### Om du treng akutt psykisk helsehjelp, ta kontakt med legevakta på telefon 116 117. Du kan søkje tenesta sjølv, eller be fastlegen vise deg til oss. Tilbodet du får er avhengig av kor alvorleg situasjonen din er, og kva som skal til for at du skal få det betre. Dei vanlegaste psykiske problema er: - angst - depresjon - rusmisbruk Dersom du lurer på noko, eller er i tvil om du skal søkje helsetenester frå avdelinga så send oss gjerne ei melding på e-post og sei kva telefonnummer vi kan nå deg på. (Du treng ikkje å skrive problemstillinga). Vi vil ta kontakt med deg, og saman skal vi finne ut kva som er best for deg akkurat no. Vi er eit lågterskeltilbod og koster ikke noko. **Telefon**: 56 59 44 21 **E-post**: psykiatri@vaksdal.kommune.no Vi er ein god del på farta og gjer merksam på at vi i perioder kan vere vanskelege å nå på telefon. Send oss då ein melding på e-post eller i Friskus, og vi vil kontakte deg så snart vi kan. Adresse: Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam ![5984460_3711275.jpg](file-guid-fb9be881-8445-4665-b69c-6ba9ef47e32b) _Bilete_: Frå venstre Torill Jacobsen, Anne Berit Boge Straume, Ole Anders Brekkhus, Anne Karin Berge (leiar), Mie Marie Danielsen Kvamme.

Elvevegen Vaksdal

### Vakttelefon: 959 87 622 ![6091539_4097546.jpg](file-guid-86746340-3791-4406-bce6-02b023d29def) **Gruppeleiar**: Maren Amanda Thorkildsen: **Telefon**: 56 59 37 76 **Mobil**: 959 87 676 **E-postadresse**: Maren.Amanda.Thorkildsen@vaksdal.kommune.no **Adresse**: Elvevegen 16, 5722 Dalekvam

Helsehuset på Dale

### Helsehuset på Daletunet er oppretta med fokus på førebygging, opptrening og rehabilitering. Helsehuset inneheld sjukeheimsavdelinger for kort- og langtidsopphald og ein brukarlab for teknologiske løysingar som er open for alle interesserte. Her finn du og fysio- og ergoterapeut og basen for våre heimebaserte tenester. Dersom du treng informasjon om helse- og omsorgstenester, korleis du går fram for å søkje om tenester eller annan info tek du kontakt med forvaltingskontoret. ![6032985_3949278.jpg](file-guid-1e75ecc5-4e6a-4c82-8852-8d4b6eadce86) ### Leiar for helsehuset, Sigrunn Stamnes Vik Telefon: 56 59 35 27, mobil: 958 18 012 E-post: Sigrunn.Stamnes.Vik@vaksdal.kommune.no

Ressurssenter for demens på Vaksdal

### Ressurssenter I området Jamne på Vaksdal ligg Vaksdal sjukeheim, Jamnetunet aldersbustadar, Maritvoll og eit fint uteområde. Vaksdal kommune ønskjer å utvikla dette området til eit ressurssenter for demens med tilrettelagde inne- og uteområde. Eit område der personar med kognitiv svikt kan bu og ferdast trygt og godt, oppleva meistring og deltaking, og der det er attraktivt å komma på besøk og delta i aktivitetar for pårørande, frivillige og andre innbyggjarar. Senteret vil vera base for tenester til personar med demens i alle faser av sjukdomen. ### Leiar for ressurssenteret, Bjarte Aarland Telefon: 56 59 31 31, mobil: 934 29 116 E-post: bjarte.aarland@vaksdal.kommune.no ![6034373_3917674.jpg](file-guid-83a12a59-ec13-4b41-a327-1476b1698a25)

Røde Kors Omsorg Vaksdal